Attergangar


Ut I skogen ligg eit lik
I'mørkret ligg
Mi byrde og mitt svik
Mitt svik, I evig mørke

Framsyn om vanry, framsyn om skam
Eg bar deg ut, mitt kjære barn
Mitt kjære barn, fødd I dølgsmål

Sviken, ofra, drepen, ikkje fekk eg leva
For all tid fanga I skuggane si famn
Aldri fekk eg læra, aldri fekk eg elska
Alt vart teke frå meg, men hat og harme voks
Lys og håp svunne og skjebna forsegla
Eit liv blant dei daue med uro I sjela
Ord om det som hende, ord om hemnens time
Vinden spreier soga mi til fjern og nær

Opp frå grava eg meg tvang
Drive av tankar om hemn
Frå jord har eg kome og til jord skal du bli
Utburden har vakna til liv

Lenge har eg leita etter ho som gav meg liv
Ei bør på ryggen til vandrarar forbi
No er ferda over eg ser deg I det fjerne
Tida er inne, ein mordar myrdast skal

Eg angrar bittert på mitt val
Eg ville aldri gje deg smerte
I mine draumar eg ser at du kjem
For å skjenke meg mi straff
som eg attrår







Captcha
La canción de Cor Scorpii Attergangar es presentada a usted por Lyrics-Keeper. Es posible utilizar widget como karaoke de la canción Attergangar, si hay la posibilidad de cargar el acompañamiento(archivos .kar y .mid). Es accesible también la traducción correcta de las canciones para ciertas composiciones Puede descargar también la traducción de letra de cancion Attergangar aquí. Tratamos las letras de la cancion sean más exactas, por eso si usted tiene ciertas correcciones sobre la letra de cancion, expidelos por favor. Si quiere descargar gratis la canción Cor Scorpii Attergangar nel formato mp3, visite a uno de nuestros patrocinadores musicales.