Mot Myrke Vetteren


Velkomen atter hit til våre grender,
Velkomen her, du sæle sumarkveld,
Med lauv og gras utyver alle strender
Og gule blomar I den grøne feld,
Med lette småsky, lagd I lange render
Som trådar I det høge himmeltjeld,
Og med den milde ljossken, som seg breider
Utyver fjell og fjord på alle leider

Den siste solblenk er I havet sokken,
Den fyrste kjem snart or den låge grop,
Ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken,
Og kveld og morgon renna heilt ihop
Snart vaknar upp den kvilde fugleflokken
Og helsar morgonen med glederop
So riser soli til den lange svingen
Og set ein annan let på heile kringen

Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider,
Og minnast, at ho skrider ofsa fort
Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider,
Eit stig mot myrke vetteren er gjort
Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider,
Er fallen av, og slikt eit fall er stort
Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar,
Og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar







Captcha
Liedje Glittertind Mot Myrke Vetteren is beschikbaar gesteld door Lyrics-Keeper. U kunt de widget gebruiken als een karaoke versie van de lied Mot Myrke Vetterenmits er een instrumentale versie(.mid of .kar bestanden) aanwezig is. Sommige composities beschikken over een correcte vertaling. Hier kunt U ook de vertaling van de liedje Glittertind Mot Myrke Vetteren downloaden. Wij doen ons best zodat de woorden van liedje correct zijn, daarom mocht U opmerkingen of correcties voor dit liedje hebben, stuur die dan alstublieft naar ons. Als U liedje Mot Myrke Vetteren in mp3 formaat gratis wilt downloaden, bezoek dan een van onze muzikale sponsors.